SPDs triumf i Hamburg – eit frustrerande fyrtårn i nord

KOMMENTAR: Dei tyske sosialdemokratane kan juble over ein sårt trengt siger i Hamburg. Men brakvalet kan lett gi hovudpine i eit parti på sjelevandring.

(tyskpolitikk.no): Det er ikkje ofte eit parti som har mista over 15 prosent av veljarane sine jubler over ein storslått valtriumf. Men under søndagens val til delstatsforsamlinga (Bürgerschaft) i Hamburg skjedde nettopp dette.

Trass i at Hamburg er ein av Tysklands rikaste byar, finst det få andre stadar i landet kor sosialdemokratiet har stått sterkare. Sidan andre verdskrig har Det sosialdemokratiske partiet (SPD) dominert delstaten, og valet søndag 23. februar blei soleis ein lakmustest på om det finst håp for tyske sosialdemokratar.

Dei siste åra har fortellinga om SPD nemleg føydd seg inn i rekke av langsame tragediar om europeiske sosialdemokratiske parti. Mellom 1998 og 2017 blei partiet halvert i det tyske parlamentet (Forbundsdagen), og partiet har dei siste åra vakt rundt 15 prosents oppslutnad på meiningsmålingane.

Partiet har både mista veljarar til Dei Grøne, som på enkelte målingar har dobbelt så stor oppslutnad, men òg til det høgreradikale Alternative für Deutschland (AfD).  Å halde posisjonen som det dominerande partiet i eit tradisjonelt kjerneområde, som òg er ein viktig motor i den tyske økonomien, var difor avgjerande for partiet.

Svaret frå veljarane i Hamburg fekk dei fleste SPD-medlemmar til å juble. Trass ein nedgang frå kjemperesultatet i 2015, kunne den sosialdemokratiske borgarmeisteren Peter Tschentscher feire ein oppslutnad på nesten 40 prosent.

Kanskje enno viktigare er det at SPD, no som før, er klart størst i Hamburg. Om ein følgjer målingane ein tid tilbake, var det ikkje gitt at det var slik det skulle gå.  Seinast i september i fjor låg Dei Grøne, som har etablert seg som eit av Tysklands største parti dei siste åra, an til å bli jamstore med SPD på enkelte målingar.

Både borgarmeisteren og koalisjonen han leier mellom SPD og Dei Grøne har altså fått eit styrka mandat. På nasjonalt plan kan partiet vise til ein siger, og kombinert med uroa i Merkels CDU, som gjorde sitt dårlegaste val i Hamburg nokon sinne, gjer dette at tysk politisk debatt for ein gongs skuld ikkje handlar om eit sosialdemokratisk parti i krise.

Trygg og grønkledd byggmeister

Kvifor held sosialdemokratane stand i Tysklands nest største by, mens partiet har gått på nederlag etter nederlag elles i landet? Sjølv om enkelte faktorar peiker seg ut, er det òg eit spørsmål som er velegna til ny uro i eit parti prega av uklar retning og hyppige leiarskifte.

Peter Tschentscher sjølv er klar på kva oppskrifta er.  I ein uroleg verdsøkonomi kan SPD sitt mantra om trygg og pragmatisk styring ha gitt resonans. Samstundes har Hamburg unngått ein viktig biverknad av lokal økonomisk vekst, nemleg aukande bustadprisar.

Mens eigedoms- og leigeprisar i Berlin og München har skutt i veret dei siste 10 åra, har Hamburg fått over 50 000 nye bustadar sidan 2011, og den raudgrøne regjeringskoalisjonen sine prosjekt for å bygge rimelege bustadar har vore eit av hovudtema i valkampen.

Å hindre galopperande leigeprisar er blant dei viktigaste sakene som mange urbane tyskarar, då ein langt større del av befolkninga er leigetakarar enn elles i Europa. At prisveksten ikkje er like stor her, har sannsynlegvis gjort at meir radikale tiltak ikkje har vore like aktuelle som i hovudstaden.

Sist, men ikkje minst, har alliansen med Dei grøne moglegvis bremsa veksten til partiet som har tatt resten av Tyskland med storm. At SPD kan profilere seg som eit grønt parti, til dømes gjennom storstilte kollektivsatsingar,  blir framheva som den siste delen av suksessoppskrifta frå Hamburg. Det er òg ein idé som gir gjenlyd på nasjonalt nivå, der Dei Grøne har vore langt meir effektive i appellere til unge veljarar med klimasaka som viktigaste kampsak.

At den raudgrøne alliansen no kan sjå ut til å fortsette gir òg SPD eit sårt tiltrengt utstillingsvindauge i ei tid der partiet sin nasjonale profil har blitt slipt ned av mange års regjeringsslitasje på nasjonalt nivå.

Mørket over høgresida

Samstundes er triumfen til dei grøne og venstreorienterte kreftene òg eit resultat forma av ytre omstende. CDU, som for berre 12 år sidan samla over 40 prosent av veljarane i Hamburg, gjer sitt dårlegaste val i byen etter krigen.

Valet kom òg på verst tenkeleg tidspunkt for Merkel sitt parti, som etter kaoset rundt delstatsforsamlinga i Thüringen no er kasta ut i sin andre leiarstrid på to år.

Dei andre to hovudaktørane i dramaet i aust, AfD og det liberale partiet FDP gjekk òg på kraftige nederlag. Mens førstnemnde gjekk ned frå førre val og så vidt kom seg over sperregrensa på fem prosent, hamna sistnemnde under sperregrensa.

I Tyskland er det spesielt det dårlege valet til AfD som skapar oppsikt. Partiet har til no hatt jamn vekst i dei fleste val, og har tidvis låge jamt med SPD på meiningsmålingane. Det kan no derimot sjå ut som om partiet har stagnert.

Terroråtaket i Hanau fredagen før valet er det siste ei lang rekke hendingar som har gjort at AfD sine haldningar og forhold til høgreekstreme miljø har blitt sterkare kritisert enn på lenge.

Ein mogleg kongemakar?

At Tschentscher sin koalisjon får fornya tillit er difor kanskje like mykje eit resultat av andre sin fiasko som av hans eigen suksess.

Likevel er det nettopp Tschentscher som får æra for SPD sin opptur i Hamburg. Med rosande oppslag og superlativ i store tyske avisar har den til no ganske anonyme legen frå nord blitt eit nasjonalt namn.

Det kan bidra til at evige konfliktlinjer i partiet gjer seg meir gjeldande den neste tida. Det er nemleg ein annan nasjonal figur som kjem svært godt ut etter etter søndagens val. «Utanom Peter Tschentscher er Olaf Scholz ein av vinnarane i Hamburg-valet», skriv Georg Ismar i Berlin-avisa Tagesspiegel.

Finansminister Scholz, tidlegare borgarmeister i Hamburg, får av mange æra for at SPD har klart å halde stand i byen, trass i at partiet sleit nasjonalt.  Tschentscher er ein av Scholz nærmaste støttespelarar, og ei styrking  den sentrumsorienterte fløyen av fraksjonen deira kan ta frå den noverande partileiinga nattesøvnen.

Då SPD skulle velje nytt leiarskap i fjor vinter var Olaf Scholz ein førehandsfavoritt. Partimedlemmane peika likevel på Saskia Esken og Norbert Walter-Borjans, to mindre markante politikarar som stilte på ein meir venstreorientert og regjeringskritisk plattform.

Scholz blei offer for partimedlemmane si misnøye med regjeringsprosjektet han sjølv er sterk tilhengar av. Men i løpet av dei første månadane under Esken og Walter-Borjans er det få teikn til betring, verken på meiningsmålingane eller i profileringa av partiet sitt politiske prosjekt.

Dei var heller ikkje velkomne til Hamburg i valkampinnspurten.

Det er halvanna år att til tyskarane skal røyste inn ein ny Forbundsdag. om pilene ikkje begynner å peike i riktig retning for SPD snart,  kan dei to noverande leiarane lett bli dei siste i ei lang rekke som har prøvd å få partiet på rett kurs, men mislukkast.

Dersom fyrtårnet i nord står seg til då, kan det lett bli Olaf Scholz som står at som den største valvinnaren frå Hamburg.

Foto: https://www.flickr.com/photos/melfoody/

One thought on “SPDs triumf i Hamburg – eit frustrerande fyrtårn i nord

  • 02/03/2020 at 10:27
    Permalink

    I alle fall i Hamburg ser verden inntil videre til å være halvveis i orden igjen. La oss se om normaliteten smitter til resten av Forbundsrepublikken – dvs at fløypartiene (les: die Linke og AfD) med svake eller fraværende demokratiske ambisjoner og tradisjoner skvises ut. Fløypartiene står sterkt i de seks østlige forbundslandene, og må møtes med politikk som demper misnøyen. Da holder det ikke med velsmurt og pragmatisk politikk bare i Hamburg og Bayern.

    Reply

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggers like this: