Skandalespelaren og den evige fotballkonflikten

I tysk fotball strekker politikken seg inn på grasmatta. Men når nedrykk truar, står prinsippa for fall i Potsdam.

(tyskpolitikk.no): Sjølv om fotballinteressa i Tyskland er høg, er det sjeldan at spelarovergangar i fjerdedivisjon skaper overskrifter. Det har likevel den nyaste signeringa til Potsdam-laget Babelsberg 03 gjort.

Den såkalla «Daniel Frahn-saka» har skapt bølger i det tyske fotballmiljøet og raseri blant klubben sine eigne fans.

Eit bybarn vender heim

Den 32 år gamle spissen Daniel Frahn var tidlegare kjend for å ført RB Leipzig frå femtedivisjon opp til det nest høgaste nivå i tysk klubbfotball, før han melde overgang til klubben Chemnitzer FC.

I begge klubbar har han hatt ein høg stjerne blant publikum. 31. januar annonserte Babelsberg 03 at Frahn skulle heim til fødebyen Potsdam og hjelpe klubben til å unngå nedrykk frå Regionalliga Nordost, det fjerde nivået i det tyske ligasystemet.

Artikkelen fortsetter under tweeten.

Det siste året har det likevel ikkje vore prestasjonar på banen som har gjort Frahn til ein av dei mest omtalte fotballspelarane i landet.

Det har heller vore rolla hans eit langt mørkare kapittel av tysk fotballs nyare historie, nemleg sambandet mellom fankultur og høgreekstreme miljø.

Skuggen over aust

Sidan gjenforeininga mellom Aust-Tyskland og Vest-Tyskland i 1990 har oppblomstringa av høgreekstreme valdelege grupperingar vore eit gjennomgangstema i tysk politisk.

Det er spesielt i det tidlegare Aust-Tyskland, og framfor alt i den søraustlege delstaten Sachsen, at rørslene har fått eit sterkt fotfeste.

Delstaten har vore åstad for ei rekke større høgreekstreme demonstrasjonsbølger dei siste åra, og er både fødestaden til den høgreekstreme organisasjonen PEGIDA òg blant kjerneområda til det høgrepopulistiske partiet AfD (Alternative für Deutschland).

Den tyske fotballkulturen, som tradisjonelt har vore sett på meir venstrevridd enn i andre land, har ikkje vore upåverka. Klubbar som BFC Dynamo (frå Berlin), Energie Cottbus (frå Brandenburg), 1. FC Lokomotive Leipzig og Chemnitzer FC (frå Sachsen) har blitt berykta for fangrupperingar («ultras») med høgreekstreme tilknytingar.

Tilfellet Daniel Frahn

Fotballklubbane har fått hard kritikk for ikkje å ta eit oppgjer med ekstreme haldningar blant eigne fans. I mars 2019, under ein kamp mellom Chemnitzer FC og Berlin-klubben VSG Altglienicke, blei nettopp Daniel Frahn symbolet på dette.

Veka før kampen hadde Thomas Haller, ein velkjend høgreekstrem og stiftar av fangrupperinga HooNaRa («Hooligans-Nazis-Rassisten»), gått bort etter lengre tids sjukdom. Deler av Chemnitzer-fansen markerte med ein hyllest av Haller under kampen.

Frahn markerte bortgangen på banen med halde opp ei t-skjorte med påskrifta «support you local hools», som blei tolka som ei solidaritetserklæring til både Haller og dei høgreekstreme blant Chemnitzer-fansen.

Etter at saka skapte bølger og ein oppvask i Chemnitzer FC, gjekk Frahn ut med ei unnskyldning, kor han uttrykte at han ikkje hadde skjønt den politiske konteksten. Som følgje av opptrinnet fekk han òg ein bot på 3000 Euro og fire kampars suspensjon.

Det skulle likevel ikkje bli siste kapittel i saka. Begeret rant over for klubben i august 2019, då Frahn var ute med skade. Under ein bortekamp mot Hallescher FC dukka han opp på tribunen side om side med ei rekke personar frå det høgreekstreme miljøet.

Etter tribuneopptrinnet og nye skandaleoppslag sa Chemnitzer FC opp kontrakten med klubblegenden. Grunngjevinga var at han gjennom oppførselen hadde påført klubben «massiv skade». Frahn svarte med å trekke klubben for arbeidsretten. Saka endte med forlik i januar.

Sjokk og vantru blant fansen

Å ta til seg ein spelar med frynsete rykte kan vere problematisk for ein kvar klubb. Men at Babelsberg 03 skulle hente ein spelar med forbindingar til høgreekstreme miljø, verka for dei fleste tyske fotballentusiastar som ein svært tidleg aprilspøk.

Potsdam-klubben sine fans er nemleg òg kjend for politisk aktivisme, men står langt til venstre, saman med klubbar som St. Pauli i Hamburg og Union Berlin.

I tråd med dette har klubben òg markert seg med å halde solidaritetsfanen høgt. I fjor haust skapte dei internasjonale overskrifter då dei donerte både sponsorplass og inntekter frå draktsalet sitt til den tyske organisasjonen Seebrücke («sjøbrua»), som driv hjelpearbeid retta mot flyktningar som kryssar Middelhavet.

Leiinga i Babelsberg 03 forventa difor reaksjonar. Straks etter at overgangen blei offentleggjort, rykka klubbpresident Archibald Horlitz ut, bad om forsoning og tilgjeving om minte fansen om at klubben, som ligg på nest nedst i ligaen, var i ein vanskeleg situasjon.

Reaksjonane let heller ikkje vente på seg. Ifølge lokalavisa Potsdamer Neueste Nachrichten raser debatten i sosiale medium. Fleire reagerer på tilsettinga som eit døme på «hykleri på høgste nivå», og refererte til klubben sitt arbeid mot rasisme og for solidaritet.

Andre klubbar har heller ikkje latt saka ligge. Då Frahn på søndag debuterte for ungdomsklubben mot Chemie Leipzig, eit anna lag med end for sine venstreradikale fans, blei han ifølge avisa Tagesspiegel møtt med massiv pipekonsert og naziskuldingar frå bortefansen.

Vil forsonast med fansen

Då merksemda rundt Frahn og Babelsberg 03 ikkje gav seg etter debutkampen, har klubben denne veka tatt nye grep. Blant anna har Frahn, i regi av klubben, gitt nye forsikringar om at det politiske grunnsynet hans er foreinleg med å spele for Babelsberg 03.

I eit fråsegn referert til i Süddeutsche Zeitung tar Frahn sjølvkritikk for måten han takla situasjonen på. – Men eg er ingen nazist, og eg tar ettertrykkeleg avstand frå slikt høgretankegods og folk med slike haldningar, seier han.

Tysdag 4. februar gjekk han så ut i sosiale medium og inviterte fangrupperingane og sympatisørar til forsoningsmøte.  – Slik kan me endeleg sjå kvarandre i auga, ansikt til ansikt, og snakke ut, seier han i ein video publisert på Twitter.

Artikkelen fortsetter under tweeten.

Kampen om fotballens sjel

I mens fortset diskusjonane om Frahn blant Babelsberg 03-fansen, og blant tyske fotballfans generelt. Sjølv om det dreier seg om ein i tysk målestokk liten klubb, er saka blitt eit nytt symbol på grunnkonfliktane som ligg under i mange fotballmiljø.

I Tyskland er fotball politikk, og for mange sympatisørar er klubben sine verdiar og rolle i lokalsamfunnet det viktigaste omsynet. Det gjer at fans og klubbleiing, med auga retta både mot budsjett og tabellplassering, er ikkje alltid på same bølgelengde.

I ei tid kor dei som er opptatte av fotballkultur ser brotet med verdiar som ein av dei største trugslane mot tysk fotball sin eigenart, er det neppe siste gongen ein tysk klubb møter eigne fans i døra.

Les meir om Frahn-saka hos Deutsche Welle.

Høyr òg siste episode av den norske fotballpodcasten Dritte Halbzeit, kor saka blir diskutert i detalj.

Foto: https://www.flickr.com/photos/gastaum/

 

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggers like this: