Balansekunst på venstrekanten

KOMMENTAR: I slutten av oktober skal Die Linke peike ut nytt leiarskap og vegen fram mot valet i 2021. Men for Tysklands sosialistiske parti står dilemma i kø.

(tyskpolitikk.no): Det er ikkje berre i Noreg at koronaviruset har sette partiprosessar på vent. Die Linke, det venstreradikale partiet i Tyskland, skulle eigentleg samle sine tillitsvalde i byen Erfurt i Thüringen i sommar.

Då skulle ein stake ut kursen mot Forbundsdagsvalet i 2021 og velje etterfølgjarar til partileiarduoen Katja Kipping og Bernd Riexinger.

På grunn av koronakrisa fekk partiet ein lengre tenkepause enn venta. Imens har det tyske politiske landskapet endra seg markant. Før mars var det Dei grøne som hadde medvind på meiningsmålingane, som viste knappe raudgrøne fleirtal.

Slik er det ikkje lenger. Knapt eitt år før neste forbundsdagsval har Angela Merkel og den kristendemokratiske alliansen CDU/CSU sine beste målingar på fleire år. Oppsvinget er uløyseleg knytt til krisehandteringa og mykje kan endre seg før neste haust. Det er likevel liten tvil om at draumen om eit raudgrønt Tyskland er ein fjern draum.

Der ligg òg ein kime til uro for den tyske venstresida. Mens det politiske landskapet i Tyskland har vore gjennom store endringar, har Die Linke vanskar med dra nytte av dei. Verken sosialdemokratiske kriser eller ein grøn revolusjon har gitt merkbare oppsving for partiet.

Samstundes skjuler stabiliteten i oppslutnad ein liten revolusjon i eigen veljarmasse. For 15 år sidan var den viktigaste veljargruppa for Die Linke å finne i det tidlegare Aust-Tyskland. Dei siste åra har dei blitt utfordra på heimebane av det høgreradikale Alternative für Deutschland.

Når Die Linke sine tillitsvalde drar til Erfurt i oktober, er det ikkje berre ein ny leiarskapskabal som skal leggjast. Tretti år etter murens fall slit framleis partiet med å finne plassen sin i det tyske politiske landskapet.

Arven frå aust

Innanfor samanliknande politikk blir partiet på den tyske venstrefløya gjerne kategorisert som eit venstresosialistisk parti, kjenneteikna av radikal økonomisk politikk, liberale verdiar og internasjonal orientering.

På 2000-talet, i kraft av å ha gjort gode val i EUs største land, fungerte Die Linke òg lenge som ei leiestjerne på ei europeiske venstreside der det var langt mellom radikale parti med stor oppslutnad. Merkelappen dekker likevel at Die Linke har ein heilt anna historie enn systerpartia i Norden og Vest-Europa. Partiet blei grunnlagt så seint som i 2007, men har røter mykje lengre tilbake.

I månadane før Berlin-murens fall i november 1989 blei det stadig tydelegare for store delar av befolkninga i Aust-Tyskland at det kommunistiske regimet var på hell. Sidan 1985 hadde Mikhail Gorbatsjov sine reformprosjekt i Sovjetunionen skapt frykt blant toppane i Sozialistische Einheitspartei Deutschlands (SED), det statsbærande partiet i Den tyske demokratiske republikken (DDR).

SED var ikkje berre den dominerande politiske krafta i Aust-Tyskland. Partiet var sjølvet navet i det DDR-samfunnet, med forgreiningar inn i alle økonomiske føretak, kulturlivet og utdanningssystemet. For partileiarskapen, med generalsekretær Erich Honecker og Stasi-sjef Erich Mielke i spissen, var politiske reformar synonymt med å forkaste heile den austtyske samfunnsmodellen.

I andre delar av partiet skapte likevel ideen om ein meir opent samfunn inspirasjon. Bak partileiar Erich Honecker stod ein ny generasjon meinte at håpet for ei framtid for partiet låg i reform.

Den mest kjende, Gregor Gysi, juristen frå Aust-Berlin vaks opp i den austtyske partieliten, men som på 1980-talet blei kjend for arbeidet sitt for prominente dissidentar. Ei rekke andre partikadrar og kjende kulturpersonar, som forfattaren og redaktøren Stefan Heym, såg òg signala frå nabolanda som ei moglegheit for å presse fram endringar heime.

Då DDR-staten gjekk mot kollaps seinhausten 1989, var det denne gruppa som sørga for at det same ikkje skjedde med det statsberande partiet. I desember 1989 sette reformkretsen i gang eit større endringsarbeid i SED for å gjere partiet spiseleg i eit demokratisk system, blant anna gjennom å kaste ut dei tidlegare partitoppane og endre partinamnet til Partei des Demokratischen Sozialismus (PDS).

Talerøyret PDS

Som nyslått demokratisk parti fekk PDS ein trong fødsel. I det første valet i eit samla Tyskland i 1990 fekk partiet 2,4 prosents oppslutnad. I vanlege tider hadde den svært strenge tyske sperregrensa hindra at partiet hadde fått inn fleire representantar i parlamentet. Grunna eit unntak forhandla fram i samlingsprosessen kunne likevel Gregor Gysi og 16 andre representantar frå det tidlegare austtyske kommunistpartiet ta plass i Forbundsdagen.

Den historiske arven gav partiet ei heilt spesiell rolle i det tyske politiske landskapet. På 1990-talet låg partiet stabilt på rundt 5 prosents oppslutning, men var fullstendig fråverande som politisk kraft i det tidlegare Vest-Tyskland.

Den historiske arven gjorde partiet lenge uaktuelt som samarbeidspartnar for andre parti på nasjonalt nivå. Partiet hadde òg (og har framleis i dag) eit anstrengt forhold til det tyske tryggingsapparatet, då særleg det føderale etterretningsbyrået (Bundesamt für Verfassungsschutz).

1990-talet var òg prega av ei rekke skuldingar om at leiande PDS-politikarar hadde jobba saman med DDR sitt berykta overvakingspoliti Stasi før murens fall.

Men den sterke assosiasjonen med Aust-Tyskland gav òg PDS ei unik moglegheit i eit Tyskland som på 1990-talet gjekk gjennom store forandringar. I dei tidlegare austtyske delstatane blei partiet eit talerøyr for ein del av befolkninga som gjennom samlingsprosessen hadde blitt framandgjort.

Der hadde partiet allereie arva eit diskreditert, men sterk partiapparat, og blei raskt eit styringsparti på lokalt og regionalt nivå.

På kort tid gjekk altså partiet frå å vere eit ortodokst kommunistparti til å bli ei mindre ideologisk interesseparti for «det gløymde aust». Den fremste eksponenten for dette var nettopp nemnde Gysi.

Valresultata på 1990-talet illustrerer dette tydeleg. I ein kontinuerleg kamp mot sperregrensa og for politisk aksept blant dei dominerande partia i tysk politikk, var det veljarbasen i det tidlegare Aust-Tyskland som redda PDS.

 

 

 

Opprør i vest

Det var først på 2000-talet at den radikale venstresida fekk eit gjennombrot i vest. Det er det framfor alt to menn som har æra for: Den sosialdemokratiske kanslaren Gerhard Schröder (1998-2005) og hans kortvarige finansminister Oskar Lafontaine.

Schröder leia SPD til eit brakval i 1998, med store ambisjonar om å reformere den tyske velferdsstaten. Resultatet blei dei omstridde Agenda 2010, førte til store kutt i sosiale stønadar, lågare skattar og ei fleksibilisering av det tyske arbeidslivet.

Den tidlegare SPD-nestoren Lafontaine hadde forlate Schöder si regjering etter eit halvt år med indre turbulens i 1999. Då Agenda 2010 blei lansert, stod han fram som den fremste talspersonen mot det han såg på som eit svik mot sosialdemokratiske verdiar.

Med seg hadde han delar av den tyske fagrørsla, uavhengige venstresideaktivistar og eit mindretal i SPD, som hadde protestert heftig mot Schröder sine reformer.

Då Lafontaine sommaren 2005 slo seg saman med den vesttyske valkoalisjonen Arbeit und soziale Gerechtigkeit – Die Wahlalternative (WASG), var det eit teikn på at ting var i rask endring på tysk venstreside.

Schröder kalla inn til nyval same haust, òg WASG og PDS blei raskt samde om eit valsamarbeid under namnet Die Linkspartei.PDS for å bryte med Tysklands «nyliberale konsensus».

Valresultatet i 2005 tyda på at SPD sitt hegemoni på vesttysk venstreside var brote. Mens dei gjorde sitt svakaste val sidan 1990, klarte den nye venstrealliansen å mobilisere til rekordoppslutning i aust og ein gjennombrot i vest.

To år seinare slo WASG og PDS seg saman det Die Linke.

Leiarval og retningsval

Den brokete historia til Die Linke gjer at leiarskapskabalen som skal leggjast før partiet møtest i Erfurt i oktober er alt anna enn enkel.

Sidan samanslåinga har partiet operert med todelt leiarskap. Det har vore kutyme at partiet har éin leiar frå det tidlegare aust og éin frå det tidlegare vest.

Men valet handlar ikkje berre om skiljet mellom aust og vest. For eit sjølverklært feministisk parti er det vanskeleg å tenke seg at ein kan ha to menn i leiinga.

I eit stadig meir fleirkulturelt Tyskland er det òg fleire som spør seg om ikkje leiarskapen i eit venstresideparti bør spegle dette.

Det er, som magasinet Der Spiegel skreiv førre veke, ein vanskeleg kabal å legge når alle vil og bør vere representert.

Desse omsyna er ikkje unike for Die Linke. Som Tobias Eid Barland skriv om i sin artikkel om Die Grünen, er liknande spørsmål høgst aktuelle i andre parti.

Men i Die Linke kjem desse vurderingane på toppen av eit par grunnleggande konfliktlinjer mellom ulike fraksjonar. Sjølv om partiet er nærmar seg 15-årsdagen for første felles valliste, er nemleg partiet prega av fløykampar som er meir komplekse og intense enn i liknande europeiske parti, og som delvis går på tvers gamle omsyn.

Populisme, venstresosialisme, pragmatisme, radikalisme

Internt i Die Linke kan ein skilje mellom minst to viktige aksar, som både definerer ulike politiske profilar og speglar veljargruppene partiet representerer, eller som dei ønsker å vinne.

Særleg går det eit skilje mellom fløya som speglar ein nordeuropeisk, radikal venstresosialisme, kor eit radikalt økonomisk bodskap blir kombinert med liberal innvandringspolitikk og kamp for eit meir grønt Tyskland. Den eine av dei noverande partileiarane, Katja Kipping, blir gjerne tenkt på som ein representant for denne fløya.

På den andre sida er finst det òg ein form for sosialpopulisme, ein politisk profil basert på anti-elitisme og mindre fokus på verdispørsmål enn på den andre sida. Heller enn å appellere til venstreintellektuelle og urbane veljarar, er det heller den tradisjonelle arbeidarklassen desse grupperingane ønsker å appellere til.

Den andre aksen blir spesielt synleg i spørsmålet om Die Linke er eit venstreparti eller eit radikal, systemkritisk alternativ. Mens dei meir radikale grupperingane i partiet, representert gjennom ei rekke undergrupperingar, ser på seg sjølv som det siste, finst det andre grupperingar som tenker på partiet ein mogleg koalisjonspartnar i breiare samarbeid.

Den haldinga partiet med røter i fagrørsla og i områder der Die Linke sit i posisjon, nemleg pragmatikarane, som i større grad held fram eit politisk prosjekt basert på sosialdemokratiske kjernesaker. Bodo Ramelow, ministerpresidenten i delstaten Thüringen og parlamentarisk leiar Dietmar Bartsch er kanskje dei mest profilerte representantane for denne fløya.

Å finne balansen mellom desse tendensane er ikkje lett. Ein skal ikkje lenger tilbake enn til 2018 for å finne ein augneblink kor dette spørsmålet kasta partiet ut i ein djup identitetskrise.

I etterdønningane av finans- og flyktningkrisa tok Sahra Wagenknecht, dåverande parlamentarisk leiar, og tidlegare frontfigur Oskar Lafontaine initiativ til rørsla Aufstehen, inspirert av blant anna Momentum i Storbritannia og franske La France insoumise.

Hovudmålet til rørsla var få ulike venstrekrefter, både i og utanfor Die Linke, til å reise seg (aufstehen) for breitt sosialpolitisk alternativ til den sitjande storkoalisjonen mellom SPD og CDU/CSU. Trass i eit stort engasjement for prosjektet, ser fasiten to år seinare ut til å vere at initiativet har fungert splittande heller enn samlande.

Delvis var det fordi prosjektet av enkelte blei tenkt på som ein konkurrent til Die Linke, og eit indirekte oppgjer med interne fløyer i Die Linke heller enn noko nytt. Rørsla blei òg kritisert for å ha lite å komme med på klimaområdet. Men framfor alt var det Wagenknecht sitt ønske om å ta ein oppgjer med venstresida si liberale haldning til innvandring som sette sinna i kok blant mange Die Linke-veljarar.

Momentumet til den nye rørsla var òg kortvarig. Etter mindre enn eit år som talsperson for rørsla trakk Wagenknecht seg tilbake. Sjølv om enkelte, til dømes Lafontaine, drøymer om at koronakrisa skal gi rørsla ny vind i segla, er det lite som tyder på at Aufstehen kjem til å reise seg på ny.

Tapte moglegheiter, nye utfordringar

Både dei tydelege fløykampane i Die Linke og initiativet til Wagenknecht og Lafontaine er likevel eit symptom på eit større problem for partiet, heller enn ei årsak til stagnasjonen partiet har sett det siste tiåret.

At frontane blir steilare internt er ein naturleg konsekvens av at partiet i si noverande form ikkje har dratt nytte av ei rekke viktige endringar i det tyske politiske landskapet.

Det fremst dømet på dette er krisa i SPD, som dei siste åra har sett ein kollaps i oppslutnad. Som i mange andre europeiske land står det sosialdemokratiske prosjektet i Tyskland i ein dobbel krise, kor både regjeringsslitasje og manglande framtidsvisjonar. Trass hyppige leiarskifte er det lite som tyder på at krisa er i ferd med å gå over.

Krisa i SPD heng sannsynlegvis ikkje berre saman med internasjonale tendensar og regjeringsslitasje. I løpet av dei siste åra har òg miljø og klima blir langt viktigare saker på den tyske dagsordenen. Det har skapt ei grøn bølge Tyskland ikkje har sett maken til, og har til og skapt spekulasjonar om det er Die Grünen som skal ta over kanslerembetet dersom CDU mister grepet dei no har om posten.

Sjølv om Die Linke ofte profilerer seg med grøn retorikk og det siste året har lansert ei rekke tiltakspakker, manglar partiet truverd i det som for mange tyskarar har blitt det viktigaste politiske spørsmålet. Ein av dei viktigaste grunnane til dette er sannsynlegvis at radikale klimatiltak ofte er svært omstridde i partiet, kor enkelte fraksjonar frykter for arbeidsplassar i bil- og industrilandet og partiet sitt prosjekt skal bli oppfatta som fjernt frå folk sin kvardag.

Felles for den grøne bølga og den sosialdemokratiske krisa er altså at Die Linke ikkje har fått utbytte av nokon av delane. Dette blei svært tydeleg etter valet til Europaparlamentet, der partiet var nede på 5,5 prosent, mens Die Grünen tok ein stor del av røystene til tidlegare SPD-veljarar.

Heller enn å nå nye veljarar, har partiet hatt nok med å halde på dei gamle. Sidan 2013 har det høgreradikale Alternative für Deutschland (AfD) gjort eit stort innhogg i veljarmassen til partiet, då framfor alt i det tidlegare Aust-Tyskland.

Sjølv om partia politisk sett står svært langt frå kvarandre politisk, klarte AfD å kapre den store delen av Die Linke sine veljarar i Aust-Tyskland som har sett på partiet som kanalen for utanforskapet.

I etterkant av flyktningkrisa klarte AfD, ifølgje statsvitarane Michael A. Hansen og Jonathan Olsen, å fange opp eit segment som både var misnøgde med det tyske politiske systemet og den tyske innvandringspolitikken.

I ei slik erkjenning ligg òg kimen til Sahra Wagenknecht sitt oppgjer med venstresida sin liberale innvandringspolitikk, og forsøket redefinere venstresida sitt prosjekt.

Balansekunst i Erfurt

Det er altså ingen lett jobb Die Linke sine representantar skal ta fatt på i haust.

Dei må både finne balanse mellom tydelege bodskap i klimakampen som er akseptabelt blant dei tidlegare kjerneveljarane i aust. Dei må samle radikale røyster, og samstundes skape ein plattform som har appell utanfor dei mest radikale miljøa i Tyskland. Det må òg skape ro i rekkene.

I leiarvalet ser det ut til at partiet sirkler seg inn på eit kompromiss mellom radikale og pragmatiske krefter. I skrivande stund er det nemleg radikale Janine Wissler frå delstaten Hessen og meir moderate Susanne Hennig-Wellsow for Thüringen.

At leiarskapen i Die Linke har lagt landsmøtet til hovudstaden i Thüringen er ikkje vilkårleg.

Snarare er delstaten blitt eit utstillingsvindu, kor partiet blei suverent største parti ved sist delstatsval. Bodo Ramelow, som leier delstatsregjeringa, har òg blitt ein populær leiar utanfor eigen delstat. Ramelow kom til makta med eit radikalt program, men òg med ein vilje til samarbeid med både sentrum og sosialdemokratane.

Det er ein form for balansekunst som få i partiet til no har klart å meistre dei siste åra, men som er naudsynt å få til dersom partiet skal ut av skuggane i 2021.

Foto: De nåværende partilederne Reixinger og Kipping. https://www.flickr.com/photos/die_linke/

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggers like this: